Då har vi vore på vår aller første tur som klasse 2ST4. Turen starta på Lian den 25. august og gjekk vidare inn til Grønlia. Vi kunne ikkje vært meire heldige med vêret, sola skein som aldri før og det var knall varmt!
Frå Lian tok det rundt ein time å gå, då vi kom fram slappa vi av, åt litt og koste oss i finvêret. Etter ein stund delt lærarane oss opp i små gruppar og ga oss i oppgåve å lage eit rim eller ein rap, her kom det fram mykje kreativt, men sjølvsagt synest eg gruppa mi va aller best!
Alt i alt syns eg det var ein kjempe flott dag og håpar vi skal på fleire slike fine turar.

Hytta på Grønlia
Utsikta frå Grønlia
Har ikkje mulegheit til å leggje over bildar frå mobilen, derfor har eg juksa med å tatt bildar frå http://www.google.no og http://byasen-siv.blogspot.com/
~ Marielle
Noreg har fleire gong trona øverst i kåringen som verdas beste land å bu i, noko som sjølvsagt kjem av at vi har eit utruleg bra samfunn. Noko av det eg personleg syns er best er at vi er ein velferdsstat som gjer at vi bli lova sikkerheit og støtte til utdanning, trygder, fattigdom og pensjon. Noreg er også ekstremt rik på ressursar, noko som førar til at vi er eit øknomiskt rikt land og det kjem alltid godt med. Til slutt vil eg nemne at vi er heldige som bur i eit land med så mykje og fin natur. Sjølv om du bur i ein storby i Noreg har ein alltid tilgjenge til både skog, fjell og fiske.
Eg har spurt tre personar om kva dei syns er positivt med det norske samfunnet:
Mann (62 år)
"Først og fremst fungerar det at vi er ein velferdsstat utruleg bra. Noreg har også eit veldig bra helsetilbud."
Kvinne (49 år)
"Noreg fungerar veldig bra økonomisk sett, einaste ein kan klage på er eldreomsorgen og mangel på plassar på gamlehjem."
Mann (19 år)
"Som student får ein mykje støtte i Noreg. Har ein ikkje nok pengar til skule får ein støtte gjennom stipend. Noreg er også eit veldig trygt land å bu i."
Bilde er henta frå
http://flickrcc.bluemountains.net
~ Marielle